Utsnitt frå ein fredag i februar

  1. Vaknar kvart over seks på morgonen av at ein traktor måkar innkjørselen til burettslaget. Det bråkar så høgt at det ristar litt i veggane og eg blir gretten og sur og hatar alt. Etter nærmare to timar sluttar det til slutt og eg får sove i to timar til, heilt til naboen byrjar på dagens oppussingsarbeid i andre etasje. Eg vurderar å grine, men står i staden opp, traktar kaffi og hentar Morgenbladet, DN og Aftenposten som ligger utanfor inngongsdøra. Tenker at dei som leverer aviser på natta er litt som superheltar. Avis-superheltar. Etter ei halv kanne kaffi og to knekkebrød med avokado er blodsukkeret og kaffeinnivået høgt nok til at eg legger frå meg, for no, tanken om å kanskje sende klage til kommunen for sjenerande støy på nattestid.
  2. Endar opp med å høyre på Krisemøte på podcast, men skrur av etter kvart for å sjå gamle repriser av Will&Grace på Comedy Central. Det pleier å gå i 12-tida kvar dag på den kanalen. Dei få dagane eg har fri på formiddagen likar eg difor å krølle meg opp i sofaen med kaffikoppen og berre nyte ein time med god gammaldags humor frå seint 90- tidleg 2000-talet. Medan eg ser på tenker eg det er teit at dei skal lage reboot av denne serien også. Eg trur i alle fall det var snakk om at dei skal det og eg kan ikkje fatte kvifor. Den er så fin og morosam og i sin tid akkurat slik den er. Trenger vi verkeleg å eksponere oss for kvar Will, Grace, Jack og Karen er i 2017? Kvifor må ein eigentleg lage så mange reproduksjonar og epilogbaserte tv-seriar for tida. Twin Peaks er liksom greit nok, serien avslutta jo med «I’ll see you in 25 years». Men alle desse andre seriane… Er det faktisk naudsynt? Kan ein ikkje heller lage nye seriar? Altså, if it ain’t broke…
  3. Leser Bernhard Ellefsen sin anmelding av Erik Eikhaugs James Franco spytter når han snakker i førre vekes Morgenbladet. Eg har ikkje lese boka sjølv, men det gjer vondt å lese anmeldinga, den er brutal. Spesielt så når Ellefsen skriver at «det merkes, tar kritikeren seg i å tenke» når han forklarar at hovudpersonen i romanen innrømmer at han aldri har lest Jonathan Franzens Korrigeringer, men i staden leste Harry Potter om att for fjerde gong. Eg tenker for meg sjølv at dersom eg nokon gong skal skrive ein roman kjem eg til å tisse på meg av redsel dersom Bernhard Ellefsen skal vere kritikar. Det er endå slik at om Ellefsen gir det god kritikk er det eit kvalitetsstempel. Men får du slakt der mistenker eg at det gjer vondt langt inn i både id og stolthet. I nokre minuttar skremmer tanken på ein kritikk av Ellefsen meg så mykje at eg må minne meg sjølv på at eg ikkje har skrive noko roman eller bok, så eg kan slappe heilt av. Eg er ikkje skytefeltet. Etterpå leser eg Oda Bahr sin kritikk av Munchmuseets Emma og Edvard utstilling frå samme nummer. Den er også ganske krass og eg har sjølvsagt ikkje vore å sett utstillingen endå heller. Tenker at eg burde skjerpe meg og stikke på museet og sjå denne utstillinga, ta bussen ned til sentrum og kjøpe den boka. Sjå om eg syns dei er like kritikkverdige som dei blir framstilt. Moglegvis, moglegvis ikkje, kven veit.  Innser at det er jo her det heile slår inn – all marknadsføring er god marknadsføring. Eikhaug sitt id tåler nok ein kritikk på sin litterære evne frå sjølvaste Bernhard Ellefsen, dersom det betyr at fleire blir obs på boka, kjøper og leser den.
  4. Prøver å sette på «Salongen» til P2 på podcast. Dessverre klarer eg ikkje å høyre ferdig, då eg etter fem minuttar igjen vart påminna om at programleiarane i «Salongen» er så sjukt irriterande. I løpet av den vesle halvtimen eg lytter er det nesten berre programleiar, Christine Lossius Thurin, som snakkar (bablar), fniser, ler og avbryter dei andre om kvarandre. Det blir slitsomt og travelt og tidvis berre sjukt frustrerande. Som lytter er eg interessert i kva gjesten har å sei, ikkje kva intervjueren har å sei. Tenker på Per Magnus Finnanger Sandsmark sin artikkel for Minerva, «Litt intellektuelt, liksom» frå desember 2014. Ingenting har endra seg sidan den gong og igjen må eg innrømme for meg sjølv at «Salongen» rett og slett berre er eit kjipt radioprogram.
  5. Setter på kanne nummer to med kaffi og sjekker inboksen med jamne mellomrom. Ventar på svar på tre e-postar. Tre relativt viktige e-postar vedrørande ei oppgåve eg skriver i eit fag. Smører meg med tålmod og lagar ein alternativ plan i tilfelle eg aldri høyrer noko frå nokon. Skvetter litt kvar gong mobilen dirrar og eg har fått mail, men det er alltid berre reklame frå Pizza og Kina Expressen eller Adlibris. Ser på klokka og føler at fri-formiddagen min forsvinner frå meg. Snart byrjar helga og dens jobbmaraton. Drikker endå meir kaffi og lurer på om det er farleg å drikke over ti koppar kaffi om dagen?

2 thoughts on “Utsnitt frå ein fredag i februar

Comments are closed.