Salmar, litteratur og fotball

Ein av dei tinga som har provosert meg mest ved året som var (på eit personleg plan), er det at eg ikkje hadde tida eller energien til å lese så mange bøker som eg hadde lyst til eller pleier ved sida av pensum. Dette har sjølvsagt hengt saman med at eg det fyrste halvåret av 2016 fokuserte all min energi og tankeverksemd mot å lever bacheloroppgåva, og det siste halvåret på å komme inn i eit heilt nytt studie. Ved sida av å skulle jobbe og vere sosial og liksom prøve å leve eit så avbalansert liv som mogleg. Det vart mykje skule, mykje jobb og mindre av alt anna. Difor er eit av mine hovudforsetter å lese meir av slikt som er ikkje-obligatorisk.

Som den overorganiserte listomanen eg er har eg difor laga ei liste over bøker eg ønsker å få lest i løpet av 2017. Nokre bøker har eg lest før, bøker eg føler bør lesast minst ein gong i året, men dei fleste er uleste. Aller helst ønskjer eg å lese ut dei bøkene som står uleste i bokhylla. Eg likar ikkje å ha uleste bøker der. I den samanheng logga eg meg inn på profilen min på GoodReads for fyrste gong sidan 2013. Eg har aldri vore sånn superflink med den profilen. Men den er fin til å lage lister over bøker ein ønsker å lese. Dersom de vil kan de klikke inn her og sjå lista over dei bøkene eg tenker å lese i år.

Eg byrja med to bøker. Den fyrste er Claus Lundekvam sin roman En kamp til  på lydbok. Dette er ein biografisk beretning der han fortel om fotballkarrieren, korleis han reagerte på suksessen medan den sto på og spesielt då den slutta. Han snakkar opent om sin kamp mot rusen og fallet inn i avhengighetens avgrunn etter at han la fotballskoa på hylla. Eg har hatt eit ønske om å lese denne boka sidan eg såg Lundekvam i litterær debatt på PULF hausten 2015. Det gjorde eit stort inntrykk på meg å sitte der å høyre på han snakke om avhengigheten sin som noko styrt av eit indre dyr som alltid kviskra «berre ein til». Novella mi «Synskverving» som vart publisert i Bøygens utgåve Det Heslige seinare det året, er i stor grad inspirert av den debatten med Lundekvam.

Den andre boka eg har byrja på er Erik Fosnes Hansens Salme ved reisens slutt der Hansen skriver om dei sju musikarane som som segla med Titanic i 1912. Dei er moglegvis mest kjende for å spele salmar og ragtime medan skipet sank. Eg har nettopp byrja på den og er ikkje kommen lenger enn til kapittel 3. Så langt er eg bergteken mellom nydlege skildringar og formuleringar som forankrar seg i eit sjølvsikkert og stabilt handlingsforløp. Ei velskriven bok kan vere likeså god, om ikkje bedre, enn ei innhaldsrik men dårleg formulert bok. Dog verkar det på meg som om denne boka både er innhaldsrik og velskriven. Bedre enn det blir det sjeldan.

Ellers er det ikkje så mykje meir å sei. Det er fredag den trettande og eg sit med heimekontor, er forkjøla og bytter på å drikke ingefærte med honning og kaffi. Så langt ser det ut som om 2017 blir eit ganske spennande år og eg prøver å legge opp til at eg skal klare å halde tritt. Forresten har eg laga ein instagramkonto de gjerne må følgje; @furoreaurore. De må sjølvsagt også gjerne følgje min private instagram @kristinaaurore. Då blir eg veldig glad. Der er eg gjerne også flinkare til å oppdatere og slikt. Bloggen kjem likevel til å bli mykje meir aktiv framover. Forhåpentlegvis blir det til og med bra.

Kva bøker les de om dagen? Har de nokre tips til bøker eg burde lese eller ting de gjerne vil lese meir om her?