Måndagslista: Kunstkritikk+ Barthes+ Lynch+ Waldersten

Ei lita liste over ting som interesserar, inspirerar og opptek meg denne måndagen medan eg trøkker i meg åtte koppar kaffi på rappen og håper det ikkje blir for fort mørkt.

  1. Artikkelen «Når kunst blir bevis» av Ingrid Halland hjå kunstkritikk.no.
    Her stiller PHD stipendiat i kunsthistorie ved UiO, Ingrid Halland, kritiske og relevante spørsmål kring måten Munchmuseet har kuratert utstillingane i +MUNCH serien etter biografiske og/eller formale likskaper og inspirasjonar. Ein tradisjonell men utdatert måte å tenke kunsthistorie på, skriv ho, og viser til kunstens krav om autonomi og eigenart. Å kunne stå sjølvstendig åleine utan å bli forvirra med kunstnarens liv og historie. Utstillingsserien +MUNCH har vore Munchmuseets storsatsing dei siste to åra der flerie større kunstanarar har blitt sidestilt med Munchs verker. Utstillingane har skapa stor interesse, fått mykje mediemerksemd og motteke generelt sett gode og prisande kritikkar. Dei kanskje mest kjende er utstillingane Melgaard + Munch, Mapplethorpe + Munch og Van Gogh + Munch. Sistenemnde gav museet besøksrekord og vart rosa opp i skyene av kritikarane. I artikkelen til Halland er det ikkje sjølve konseptet eller  kunsten som er problemet, men heller den tilsynelatande idèen om at utstillingane har som formål å bevise ein relasjon kunstnarane imellom utfrå ein historisk og biografisk samanlikning. I staden for å la deira kunstnariske verker stå – og tale – for seg sjølv. I artikkelen trekker Halland blant anna fram Roland Barthes’ artikkel «Forfatterens død» (Death of the Author) frå 1967 der Barthes tek for seg nettopp denne problematikken (anbefalas å lese). Artikkelen til Halland er lettlest, informativ og underhaldande der ho tek opp fleire interessante momenter ved +Munch utstillingen som ein kanskje ikkje har tenkt over frå før.

    Ved å gjøre kunst til bevis har kuratorene ved Munchmuseet redusert kunstverk til å være noe som kan forståes, forklares og begripes. Men kunstens egenart er at den avstår fra kravet om forståelse. Vi trenger ikke skjønne det, vi trenger ikke forklare det. Ingrid Halland, 2017.

  2. Alle teaser-videoane som blir lagt ut no om den nye Twin Peaks sesongen som kjem i mai. Kan knapt nok vente.


    https://www.youtube.com/watch?v=BdnwXiwnDaM
  3. Planten i stovevindauget som har blitt ein jungel, ein potteplante på stereoider.
    Privat
  4. Storytel appen. Elskar å kunne surre rundt med lydbok på øyret medan eg jobbar. Aller helst foretrekker eg sjølvsagt å lese bøker, men med travle kvardagar er det ikkje alltid eg har tid nok i løpet av ein dag. Då er det fint at eg kan multitaske. Eg er veldig flink på å multitaske. For augeblikket høyrer eg på Vi, de druknede av Carsten Jensen.
  5. Jesper Waldersten sin kunst. Instagramkontoen hans @waldersten er min personlege favoritt og verdt å ta ein titt innom.
    1. La Bella Hella . 2. Sid 106 3. Vokaler. 4. Min pensel
    Samtlege av Jesper Waldersten.