Synskverving

Publisert i Litteraturtidsskriftet Bøygen #4 2015

Det eg ser når eg ser på deg er ein fallen mann. Kvar rynke og kvart arr i det gustne, eldrande andletet ditt vitnar om ditt nederlag. Dei fråverande, men likevel vakne og intelligente auga dine stirar glasaktig gjennom landskapet kring deg. Blikket ditt borer langt gjennom alt det du ser til du trur du ser den underliggande strukturen bak det heile. Det er den du leitar etter. Strukturen. Regelen som sa at det var slik det alltid ville bli. At alt var forutbestemt. Klenger deg desperat til ideen om psykologisk og vitskapeleg determinisme. Siterar både Freud og Baron d’Holbach om naudsynt. “If the ignorance of nature gave birth to such a variety of gods, the knowledge of this nature is to destroy them”. Eg kastar opp litt i munnen min kvar gong du seier slikt. Det er ansvarsfråskriving du leitar etter, ikkje noko anna.

Det eg ser når eg ser på deg er ein nedbroten mann. Ein oppgjeven mann. Ein knekt mann. Kan ein legge seg så flat at ein berre blir der?  Claus Lundekvam sa ja og eg såg deg. Såg deg ligge på bakken medan dei glasaktige auga dine rulla bak i hovudet ditt. Såg skummet som formerte seg i munnviken, armane og beina som bestialsk og ukontrollert rista i takt med introen til dagsrevyen. Såg redselen i deg. Den var blanda med lette. Eg såg skimt av bror din stå utanfor døra. Redd for å gå inn, usikker på kva syn han hadde i møte. Ottefull over om han kom til å meistre seg sjølv i situasjonen. Ba du han nokon sinne om orsak for frykta du satt i han?

Du har aldri lagt deg flat. Du har berre lagt deg ned og blitt der. Der fins ikkje noko åtgaum i ditt nederlag. Ingen heider, ingen ære. Berre skam og skuld. Du sa alltid at dei beste folka, dei mest interessante karakterane, det vere fiksjon eller røynd, var dei som stadig var i endring. På godt eller vondt. Det hadde ikkje noko å sei om det var fiksjonelle eller faktiske menneske det var snakk om. Eit eksepsjonelt menneske er eit menneske i kontinuerlig endring. Berre sjå på Gregor Samsa og Stephen Hawking, ville du sei. Den av dei som faktisk er til i livet kunne likeså godt ha vore fiksjonell – og den som var fiksjonell kunne likeså godt vore på ekte. Ein komplisert karakter som stadig er i endring, er berre ei spegling av forfattarens eigen djubde og mangfald, sa du. Dersom det var noko i verda du ønskte for meg, så var det at eg alltid skulle fortsette å endre meg. Di eiga endring, derimot, stagnerte for lenge sidan. Såleis gjorde du deg sjølv ubetydeleg i dine eigne auger. Eg ser på deg og eg ser ein sorgsam og vonbroten mann. Nedslegen, bresten. Nesten ikkje-eksisterande. Det kan ikkje vere enkelt å leve som skapar av si eiga pinsle i ein sjølvutslettande eksistens. Det blir i seg sjølv eit frykteleg tragisk oksymoron.

Samansynka og stillferdig sit du i hjørnet for deg sjølv. Du vågar ikkje ta noko stort med plass. Ikkje når eg ser. Blikket mitt tar for mykje plass for deg. Det skremmer deg. Du ønskjer at eg kunne sjå på deg med medynk og tilgjevnad. Men eg ser deg med nøkterne auge. Har ikkje råd til å sjå deg på noko anna måte. Det gjer deg forlegen. Er det i det heile tatt mogleg å krangle med sin eigen uomgåelege sanning? Er det i det heile eit poeng? Er dét ditt store dilemma? At du aldri makta å springe frå deg sjølv.

Det eg ser når eg ser på deg er mor di. Ho ligger løynd i rynkene kring smilet ditt, i dei isblå auga og dei høge kinnbeina. I den lågmælte humringa du tillet deg sjølv ein gong i blant. Ho er det beste i deg. Det varmaste og det kaldaste samstundes. Nokre menneske trur at gode folk er utelukkande varme. At dersom ein er ein kald person betyr det at ein er emosjonelt utilgjengeleg og distansert. Dessutan er det stort sannsyn for at typisk ”kalde” menneske manglar grunnleggande kapasitet og skjønn for empati og sympati. Eg og du veit at dette er bullshit. Dersom ein skal vere varm heile tida vil ein brenne ut, og det ligger ein dumdristighet og gladkristen idioti i å berre vere varm. Kulde gir ein distanse. Det kjøler ein ned nok til å skilje skit frå kanel, som du alltid sa. Empati er såleis direkte forbunde med kulde. Det gir ein sjansen til å skjønne alle aspekt før ein agerar. Det er viktig å ikkje agere for raskt. Kjensler er ein sart affære og burde behandlas deretter. Det er så lett å velje medynk. Det er så lett å velje nederlag.

Det eg ser når eg ser på deg er uhyret du ikkje klarar å drepe. Eg ser flenger av kjøtt og blod som han har rive av deg. Flerra rett frå beina. Visse flenger gror, medan andre er infiserte og væskar. Du rensar med sprit, men blir aldri riktig desinfisert. Nokre sår er så gamle og infiserte, så til gjentekne gongar opprevne at dei har råtna. Forderva. Desse såra vil aldri gro. Du kan sy dei, stifte dei, lime dei, på alle måtar smi saman hudflikane og stenge av blødinga, men infeksjonsvæska vil endå lekke ut mellom stinga. Limen vil briste og såret vil opne seg att. Det handlar alltid berre om eit spørsmål om tid.

Du gir alltid etter for uhyret. Ber alltid om nåde i siste runde. Legger deg ned og lar han gå laus. I prosessen mistar du litt av deg sjølv. Til du til sist sit att maltraktert og mørbanka utan noko av deg sjølv att å vise til. Du lar deg sjølv bli flådd levande og svinne hen. Rettferdiggjer det med å skulde på flenger og sår og løynde strukturar. Gir frå deg all makt og alt ansvar til uhyret. Han var fødd med deg, seier du. Det var uunngåeleg at det skulle bli slik. Der var aldri noko anna utfall ein kunne ha venta. “Fædrenes synder hjemsøger børnene” Du likar Ibsen. Du vil ha sola, men badar i mørkre. Du ser deg sjølv i spegelen og ser far din. Ser arr og sår etter uhyrets misbruk. Du badar deg i sprit og håpar det rensar. Steiker deg i sola og håper det fordampar. Higar etter forsoning og er villig til å sone di straff i himmel og helvete om naudsynt, men klarar ikkje å be om tilgjevnad. Klarar ikkje å akseptere ansvar, å la ver å skulde på omkretsane faktorar og berre be om orsak. Maktar ikkje å ta innover deg alt du må gje frå deg for å kunne oppnå den erkjennelsen du trenger for å redde deg sjølv.

Det eg ser når eg ser på deg er alt du var og alt du er, alt du skulle bli og alt du i staden vart. Eg ser barnet og sorga. Heideren i mannen du ein gong var. Uhyret som åt deg opp, mannen du aldri blei. Eg ser deg med eit nøkternt blikk. Det er lett å velje medynk, lett å velje sinne. Vanskeleg å velje ingen av delane. Vanskeleg å sidestille alle kjensler og berre observere. Umogeleg å tilgje utan å bli bedt om tilgjeving

Det eg ser når eg ser meg sjølv i spegelen er deg. I kinnbein og augebryn og auger og hake. Mine beste trekk. Men “Fædrenes synder hjemsøger børnene” og eg ser uhyret bakerst i ryggmergen. Han klorar seg sakte fram mellom ribbeina. Han liknar på deg. Der fins ikkje noko underliggande struktur, kviskrar eg, før mørkret skyar for sola.