KVAL

Diktet mitt “KVAL” som vart publisert i den siste utgåva til Litteraturtidsskriftet LASSO i 2014. Tema: SKUFF

Om eg var ein kval,
kvit og majestetisk under havet,
ville du
besøkt meg då?
Der eg sumde,langt nede
i djupet,
mellom uer og korall,
og berre var.

Når eg, ein gong i blant,
kom opp etter luft,
ville du
sett etter meg?
Ville auga dine
vandre over bølgjene?
Leita mellom skjæra
som duppa opp
i eit landskap av vatn og ingenting
til du fann meg,
der eg braut gjennom
overflata
og kom opp i di verd
som eit kvitt gjenskin i sola.

Ville du visst då
at det er her eg høyrer heime.

Om eg song til deg
ville du høyre
alt eg sa?