In Memoriam: Ren Hang (1987 – 2017)

Den 24. februar meldte Time at den kinesiske fotografen og poeten Ren Hang var død, berre 29 år gammal. Ren Hang hadde gjennom sitt korte liv og kunstnarskap vist seg som ein kontroversiell og prominent stemme i kunstverda. I ein alder av 26 hadde han allereie byrja å gjere seg bemerka for sine fotografier og fått publisert heile seks fotobøker.

Med fotografier som skapar assosiasjonar til blant anna Robert Mapplethorpe, lyser verka av klare elementer av det usjenerte, uredde og absurde. Å observere Hangs fotografier er litt som å gå inn eit mystisk, avant-garde univers fyllt av kroppar, blomar, fuglar og ein slags latent underliggande seksualitet. Dei viser i sin eksplisitet ein sterk kurisositet for menneskekroppen, natur og kjønn. Modellane hans, som så og sei alltid er nakne, er ofte personlege venner (og i seinare tid også tilhengjarar) av Hang. Fotografia er ofte komposert av sterke fargekontrastar, klare linjer og bisarre iscensettingar.

Sjølv om Hang insisterte på at hans kunst ikkje var politisk motivert, men heller motivert av kinesisk kultur og ein kuriositetet kring dei estetiske og naturlege aspekta av fotografi, kropp og natur – er det likevel umogleg å utelukke det politiske aspektet kring fotografia hans nettopp på grunn av sensuren og hans problemer med loven. Som kunstnar opplevde Hang fleire gongar å bli arrestert og sensurert av kinesiske myndigheter for sine eksplisitte fotografier. I eit intervju med Dazed & Confused frå mars 2015 sa han «China doesn’t allow outdoor nudity. I’m very careful about taking pictures outside. If I see police, I’ll run. But I’m not hiding as I’m taking pictures». I eit tidlegare intervju med  Purple i 2014 utdjupa han;  «In China, people will tell the government to shut down art and photography shows if there’s nudity. If you put nudes online, they don’t care about the composition, beauty, lighting, or artistic tradition — all they care about is that it’s a nude body and should not be seen». Politikk var såleis kanskje ikkje bakgrunnen for Hangs fotografier eller visjon, men det var definitivt noko som påverka hans kunstariske prosess, fridom og formidlingsevne.

Teknisk sett brukte Hang for det meste analoge kamera og har blant anna i intervjuet med Purple, uttrykkt at han foretrakk å bruke ulike versjonar av Minolta kameraer med 35 mm film. Der rår inga tvil over at det analoge medie og den harde blitzkjenslen er ein sterk del av Hangs estetikk og visuelle stil. På mange måtar kan ein bruke Hang som eit perfekt døme på korleis reiskap er elementært for visuell utforming og endeleg produkt.

Ren Hang sin særeigne estetikk og fotografiske utforming og innhald har vore ein viktig og ikkje minst ein pådriver innan fotokunsten og for samtidig kinesisk kunst. Det ville nok vore lett for meg å skrive side opp og side ned om Hang, hans kunst, poesi og, dessverre, død. Hang var open om sin kamp mot depresjon og dokumenterte det ofte i sin poesi og sine bilder. Ein kan spekulere kring omstendene til Hangs død så mykje ein vil, men det ønskjer ikkje eg å gjere. Ein tragedie er ein tragedie uavhengig av årsak. Eg syns heller ikkje noko om når ein får kunstnarar til å bli hugsa for sitt liv og død i staden for sin kunst. La oss leggje vekk slike spekulasjonar og heller minnes, sette pris på og beundre den kunstnaren han var, den kunsten han laga og dei dørene han opna, lukka og sparka inn.

Alle fotografia i denne posten er hendta frå Ren Hang si heimeside; renhang.org

One thought on “In Memoriam: Ren Hang (1987 – 2017)

Comments are closed.