SIV

I August hadde eg gleden av å ta bilder av bandet Anima att. Her er nokre av bilda vi tok. Frå venstre: Alex Winther (gitar), Hanne Rye (vokal), Michael Thøgersen (trommer) og Robin Kirknes (bass). Det er veldig kjekt når ein får ta fleire bilder med samme bandet og såleis vere med på å utvikle deira visuelle profil og framstilling, slik eg har fått med Anima. Musikken deira finn de på Spotify her.

«Through the graves the wind is blowing, freedom soon will come»

leonard-by-michael-putland

Foto: Michael Putland

«Neste gong vi skal på konsert skal vi sjå Leonard Cohen. Meg, deg og Jon Erik» sa eg til mamma då vi gjekk frå konserthuset i Oslo etter Patti Smith konserten i August. Slik blir det ikkje.

Eg kan ikkje hugse når eg vart introdusert til Leonard Cohen for fyrste gong. Han har alltid vore der. På kassett i bilen til farmor medan vi kjørte til Eid for å handle. I bakgrunnen på stereoanlegget til bestemor og bestefar når vi var der på kaffi. På full guffe med allsang i bilen med mamma. Som niåring var favorittsangane mine Suzanne og Everybody knows.

Det var gjennom Leonard Cohen at eg fann min forkjærleik for ord og poesi. Han kunne skrive ein enkel setning, bruke enkle ord, enkle bilder, men i sin unike og møysommelege kombinasjon var dei meir slagkraftige enn dei fleste våpen. Sangtekstane hans var ofte skrivne som dikt før dei vart til sangar. Med andre ord var poesien i musikken likestilt med musikken i poesien.

Som med min kjære David Bowie hadde Leonard nett gitt ut eit nytt album, eit kritikerrost album, då han døydde. Det var eit mørkt album. «You want it darker – we kill the flame» synger han. Eg får gåsehud og klump i halsen. Som med Bowies Black Star  føles Leonard Cohens You want it darker som ein slags forsoning med døden. Noko han sjølv ikkje la skjul på. Den 13. oktober, åtte dagar før You want it darker kom ut, vart det rapportert om korleis han hadde sagt til The New Yorker at han var klar for døden med ro i sinnet. Albumet reflekterer dette, med tungt ladde ord får vi ta del i Cohens siste musikalske og poetiske mesterverk.

Som med Bowie kjenner eg ein stor takksemd oppi sorga. Takksemd for alt vi har fått til no, og takksemd for at han, dei, gir oss ein avskjedsgåve – eit fare thee well. Sjølv om det er vondt å høyre Cohen synge «I’m leaving the table, I’m out of the game», er det noko vakkert i at musikken og poesien fulgte han til hans siste slutt. Som med Bowie var det ikkje over før det var slutt, og då dei såg slutten komme gav dei oss eit siste adjø. Desse avskjedane er ikkje noko ringare enn eit privilegium.

Leonard Cohen er død. Hans siste konsert er holdt, han siste sang sunge. Mannen bak orda er borte, men orda hans lever endå. For, som Shakespeare sa, «So long as men can breath or eyes can see / so long lives this and this gives life to thee».